Kun 3 einebustadar att i det kanskje mest populære bustadfelt på Stord

HEIANE / STORD: Like aust for Heiane på Stord er bustadfeltet Langelandsstølen i ferd med å ferdigstillast. Med kort veg til handel, turområder, skular og aktivitetstilbod har dette blitt ein attraktiv plass for folk i ulike alder og livsfasar.

Av 13 einebustadtomtar, 5 prosjekterte einebustadar og 8 prosjekterte tomannsbustaderar er det no kun 1 einebustadtomt og 3 einebustader igjen.

– Salget har gått over all forventning! Me hadde oppstart grunnarbeid ved årsskiftet  2017/2018 og to år seinare er da meste solgt og levert, smiler Bjørn Storebø audmjukt. 

Det er me både stolte og takknemlege for!

LES OGSÅ: Dette huset skal rivast nær Leirvik Sentrum.

Han er seljar hjå utbyggjar Blink Hus Valvatne og har saman med kollega Anders Titland hatt ansvar for salet og dialog med dei nye bustad-eigarane.

No nærmar prosjektet seg slutten – ein prosess med delte kjensler.

– Ja, det er jo på godt og vondt når me no straks er ferdig. Du er med frå “start til slutt”, frå at alt er ein stor skog, til det står flotte husvære her som er blitt heim til mange, og for desse er da no da starta.

Ein vert jo glad i folk, når ei går her og trør i lange perioder med stadig nye kunder. Men det er jo dette som er fantastisk med jobben. Få vera med og realisere den største drømmen til den enkelte.

Og mange historier dukkar opp, humrar Storebø og tenker tilbake, då han og kollega var på Langeland skule og delte ut refleksvester til alle 1-4 klassingene, som eit ledd i trygg skuleveg i byggeperioden. I ein klasse der var det ei lita jente som strekte opp handa og sa, “eg veit kven du er, du er han som fer med alle  pengane våre”. 

Du kan gitta kva dei snakka om heima! Ho skulle flytta inn i ein av dei nye bustadane.

 – Så ja, det er litt rart at vi no snart er ferdige her erkjenner han.

ATTRAKTIVT: Av 33 bueiningar er det no 4 igen.

Kun 3 einebustadar og 1 tomt att

Når me no skriv April 2020 er bygginga i siste byggjetrinn godt i gang.

Dei siste bustadane som no vert oppført er 5 praktiske einebustadar i moderne stil med carport, tre soverom og ekstra takhøgde i stove/kjøken. To av dei er alt seld, kan Storebø fortelja.

Kven passar desse husværa for?

– Med nærleik til skular, fritidsaktivitetar og turmoglegheiter trur me dette kan være spesielt attraktive husvære for barnefamiliar som treng ein enklare kvardagslogistikk og som vil bu sentralt, svarar Storebø og legg til:

Men nesten uansett kven som flyttar inn her, er eg overtydd om at kjøparane kjem til å trivast. Nytt, moderne, solrikt og sentralt, tett på det meste. Eg trur du skal leita lenge etter noko tilsvarande i dette området. Her får du rett og slett “mykje hus for pengane”, avsluttar Storebø med eit smil. 

Klikk her for å lese meir om husværa på Finn.no.